Underholdning, det kan væra så mangt. Eg trenge underholdning av den snille sorten. Kan ikkje fordra dei som er morsomme på andres bekostning. Klart det kan væra litt brodd, men brodden må ikkje væra særlig spisse.
Det er vel strengt tatt TV som står for den største delen av underholdning her i familien. Og på denna tiå av året e ikkje det sprekt. Men det e jo nå me ska sitte i lyse sommarnetter i djupe samtalar om LIVET. Vel, det skjer - men e ikkje ein vane. Løye med det når eg kjenne på at det e fint å sova før hu e hall elleve, då e det ikkje møkje sommarnatt å bruka på Samtalen. Men i dag e det fredag. Det kan jo gi oss ein mulighet. Gamle Hobbersten sitte med PC'en i fanget og ser ut som han studera nåke, og eg har lese nettavisene så mange gange at teksten flyte ut.
Då blir det TV. Di synge og danse og ser ut til å ha det bra. Men det e så kjedeligt. Men det e jaffal bedre enn desse evinnelige naturprogrammene der me må ha med både paring og fødsel. Ikkje møkje bluferdighet der i gården. Ærlig talt, di e like alle i hop. Smelta ikkje av hverken elefanter eller tigrar. Kanskje litt pusekatt hadde vore bedre.
Eg har ytt over evne idag. Har laga ei kaka eg ska ha med til feiring av barnebarnet sin ettårsdag i mårå. Hu må jo få et godt inntrykk av farmorå. Ska laga alle kakene hu vil ha når hu ber om det i framtiå. ( vett jo ikkje om kakå e etane)
Godt det nærma seg ferie for oss. Då e me på utforsking. Og me bruka penger uten vet. Jysla kjekt med opplevelsar. Då står me for heile underholdningen sjøl. Selvfølgelig e ikkje alt sol og glede då heller. Det hende eg får kjeft både er Ernst og Signe på turen. Eg har jo gener frå mor mi, så eg vil ha kontrollen. Så når eg seie rødt lys, rødt lys eller hump, hump eller skrike for me e så nærme nåke, får eg så hatten passe. Men eg e sikker på å ha avverga ulykker fordi eg e så observant. Eg e jo heilt utsleten når me tar kvelden etter sånne transportetapper.
Men me har ganske greie arbeidsfordeling. Det e veldig kjønnsbestemt. Kin sko trudd det om denna damå så var SÅNN rødstrømpe i ungdommen. Men det har nåke med praktisk vet å gjera. Der leda Signe og Ernst. Eg organisera!!!
Det fina med ferie er at me kjøpe mat ute. Spisa på Hotellet, som far min seie. Dermed så er det ikkje så mange arbeidsoppgaver igjen til meg, siden Ernst er først oppe e det jo naturlige at han laga frokost. Men viss det e eggerøre på menyen e det eg som må til pers. Eg e best på røre...
Ikkje ferie ennå då, men å gleda seg e og fantastisk -
Nå får eg ta han med meg ut i sommarståvå og ta ein samtale om LIVET
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar