Det nærme seg sommar, iallfall på kalenderen. Nå poppa det opp i alle slags fora - bruksanvisningen for ka me ska eta og kor møkje bevegelse som ska te for å kunna posera uhemma i di lekraste bikiniane. Nåken går til utterpunktå og gir seg sjøl - og oss andre - rett te å bruka bikini og badedrakt uten å ha idealmålå. Det resultere i trampeklapp frå nåken og fyrop frå andre.
Slapp av, eg har ikkje ikledd meg sånne kreasjonar i detta årtusenet. Det ser ikkje ut til at det vil skje heller. Skjønt, i flott gult lys på badet, med hendene bua OVER håve, og spegla direkte i front, kan ein la seg leda til å tru at resultatet er bedre enn sannheten. Men ein liten sving på posituren, og det blir profilbilde, dessverre - sannhet er sannhet.
Eg har så tungt for det. Eg vett ka så hadde vore bra for meg: ein spasertur i kveldingå, litt mindre vin i helgå, litt mindre steike mat og so on.....
Men der sitte ein liten dritt på skulderen min og seie: du fortjene ein liten strekk på sofaen, husk du e ikkje 30 lenger ... Eller han seie: du fortjene det vinglaset for du slappe så godt av då og det e så enkelt å laga mat til to på steikepannå....
Men Ernst seie eg ete for masse snop. Forstår ikkje kor han har det ifrå? sjokoladen her i huset er årgang. Ikkje løye eg må smugeta dei gangene eg kjenne behovet... Nå har det jo vore tilbud på diverse is. Eg passa på å gi Ernst ein og, har litt meir lov då.
Tidene har forandra seg. Ein gong i tiå var det å oppnå i bli mett det viktigaste i dagen. Nå e det blitt motsatt. Ei passe dose med bilder av folk frå andre plasser på kloden set ting litt i perspektiv. Det seie litt om oss.
Er me så overfladiske? Eg e nok det til tider. Håpa likevel at eg kan væra rettferdig, sannferdig og ein goe venn. At eg tar dei rette valgå når eg må, at tullete materielle eller kroppslige situasjonar går øve til bagateller når det verkelig røyne på.
Men eg e imponerte øve dåke som tar det ansvaret kroppen ber om - litt meir bevegelse 😀
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar