mandag 28. september 2020

Kos har du det? Verkelig???

 Me har mange roller, de fleste av oss. Og me svitsje frå den eine til den andre uten å merka det sjøl. Men eg var ein person på jobb, andre kvaliteter heime, og annleis med barnebarn eller venner... Selvfølgelig ikkje store endringer, men nyanser.

Eg vett ikkje kaffor det er blitt sånn. Me er oppdradde til å visa fram søndagssidå, iallefall me som har levd noen år. Og det er sikkert rett. For dersom heile følelsesregisteret skulle ta overhånd i kvardagen, ville det blitt vanskelig.

Ei venninne av meg seier ofte at alle har ein stein på trappå. Eg meine det hette «har ein stein i skoen». Uansett, så betyr det at me har nåke som verke, og som kan væra vanskelig å snakka om og vanskelig å leva med. Eg googla litt om denne steinen, og der kunne eg funne mange innlegg. Eg valgte et lite utvalg av kaffor me ikkje gjer nåke med det:

  • Det er for ubehagelig å ta tak i det.
  • Dagene bare går, har ikke tid.
  • Det koster for mye, vi har ikke råd.
  • Eller, vi vet ikke hvordan vi skal ta grep som kan hjelpe oss.

Men treffe me ein kjenning i dørene på Extra ein dag me slite med vansker, så seie me hei, takk bare bra, og passere med oppovermunn. Men det skulle tatt seg ut å svart at livet er fælt og problemene aukar. Ein kan ta opp vanskelige tema med venner, men det må ikkje ta overhånd i vennskapets navn. For det er krevande å væra vennen som tar på seg, eller del i, andres problem. 

Og så er det dei som står opp og seie fine ting til seg sjøl i speilet... Det funka ikkje på meg, eg vett ka tid eg lyge... Men me må jo alle jobba med oss sjøl når me går lengre og lengre ned i myrå. Det har aldri nytta å gi opp. For nåken hjelpe det å gå tur i naturen. Det er fint å bare nyta landskapet og prøva å sortera ut tankane. Kanskje me skulle fått ny hobby? Lediggang er ikkje spesielt bra når tunge tankar overtar. Eg har og prøvd psykolog. Det kreves mye når ein ska åpna den innerste lukå i hjerta eller sinnet. Eg trur ikkje eg klare det. Og når psykologen, som var i alder småbarnsfar, og kanskje hadde hatt ei våkenatt, då gjespa. Vel, då ramla alle lukene ned hos meg. Eg var på vei til å få ut mine innerste tankar, og så var det så lite interessant... Det blei vel ikkje mi greia det.

Me får vel alle prøva å la steinen i skoen  gjera minst mulig skade. Det lar seg gjera. Og heilt sikkert er det at etter regn kommer sol!

Så fremdeles: hei, lenge siden... kos går det med deg? Jo takk, litt opp og ned...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar