torsdag 29. oktober 2020

Koronaåret

 Dette Koronaåret har forandra litt for mange. Mange er blitt permitterte eller har mista jobbane sine. Nåken har mista livsverket sitt. Det er dei som har møtt de største prøvelsene, sammen med dei som er blitt sjuke.


 Me som bur på landsbygda har vel hatt det enklare enn byassane, men me prøve å halda meteren og å sprita hendene, og ellers følga råd så godt det lar seg gjera. Og så kan me bli øvegidde over dei som må til Sverige eller Syden, fordi de alltid har gjort det. Men det er jysla mange som har fått pussa opp i heimen, fordi sommerferien blei ikkje så travel i år.


Eg har fått med meg at trenden dette året er friluftsliv. Spesielt toppturer og andre fysiske utfoldelser. Facebook og snapchat fløyme over med bilder av lykkelige, smilande familier som har nådd målet. Bildene vise ikkje kor mange overtalelser og bestikkelser som måtte til for å få ungane med den siste kilometeren. Men eg blir jo imponert over alle spreke kjenningane. Eg kan ikkje skylda på dårlige gener heller. Alle mine 4 søsken smile frå toppar og glitre med de flottaste turklær. Eg kan oppleva å våkna av ein snap frå Roafjellet ein søndagsmorgen. De er ofte tidlig ute for å få mest mulig ut av dagen, på tider eg ikkje har tenkt på å stå opp. Så eg er et heller dårlig forbilde som storesøster. Eg trur ikkje eg har den roen som kreves for å ha ein hobby.


Og så er det store deler av befolkningen som har  feriert i bobil. Og då vise det seg at det ikkje er dei fryktelige utlendingane som forurense eller campe i tunet til bøndene i utkantnorge. For dei kom ikkje dette året. Så det er nok nåken av våre egne som ikkje har heilt reint mjøl i posen. Men ferie i bobil det kan eg, etter 35 år på hjul. Så ei og anna stavkyrkje har eg besøkt. Litt kultur har snubla inn i livet mitt. Det er et liv eg godt kan lika. Då går me rundt å snuse på ka omgivelsane kan tilby, og prøve lokale matretter. Eg har sansen for det.


Ein del lure på om me kanskje bør stoppa litt opp, gå tilbake til den tida det ikkje var penger til å kjøpa alt, eller at alt kunne ikkje kjøpast for penger. Utvikling er vanskelig å stoppa, men mange har sans for gjenbruk og er også blitt meir oppmerksomme på tiltak for å unngå matsvinn. Derfor kan eg styrta bort til boksen med nedsatte varer på Extra. Det er jo miljøvernande å kjøpa varer som går ut på dato, og kan ikkje oppfattast som at eg er grisk...eg lika sånne kupp. Det blir interessant å følga med på desse trendene. Me får setja vår lit til ungdommen. Eg sjøl slite med å forandra gamle vanar, men eg har ikkje lenger behov for nye ting heila tidå, så forbruket er naturlig redusert.


Eg har vore ganske impulsiv i mitt yngre liv når det gjelde å hiva seg på nye idear.  Kvar gong eg fekk det for meg at eg må finna meg ein hobby, så hoppa eg på det første og besta tilbudet. Eg har gått på kurs i rosemaling, applikasjon, dokkelaging, glassmaling, yoga og sikkert et par til. Likheten med alt dette, er at eg kjøpe inn utstyr, og starta i goe tru på at dette er det eg skal holda på med nå. Men det dabba fort av. Men optimisten i meg er trufast. Så det er slett ikkje sikkert eg ikkje fortsatt lar meg frista. Men må tilstå at sofaen stjele ein god del av tiå mi nå for tidå. 


Det der med å ta vare på helsa tenke eg på.   Og eg lese om andre på min alder som tar ut helsegevinst med kun ein halve time mosjon  pr dag. Og det burde væra oppnåelig. Men sjøl om eg er inneforstått med at mosjon er viktig, og at for mange kilo ikkje er bra, så er det jammen ikkje enkelt å gjera nåke med det. Det er dei der nissane som sete på skuldrene mine og seie at eg fortjene å slappa av, og at i morgen er ei fine tid...at me leve bare denne gangen... men de minne meg ikkje på at me leve og døyr  bedre, med goe helsa.


Eg går tur med nåken som er på samme nivå som meg sjøl. Me kalle oss sniglane. Kanskje litt på spissen, for me holder varmen og motet oppe.  Me når ikkje de store toppane, for pulsen går opp, og hjerta slår ekstra for de minste stigningene, men me trøste oss med at me får frisk luft og sosialt samvær. Og kaffepausen  etterpå er vel så viktig for oss.  Og så kan me diskutera de forskjellige vondtane som dukka opp, og få middagsforslag eller ei goe kakeoppskrift. Det trenge ikkje alltid væra så høgttravande for vår del.


Men eg er jo bittelitt misunnelig på viljestyrken til mine medmenneske. Eg starta kanskje friskt, med planar om å gå ein tur kvar dag. Men så kjeme det ein regnværsdag.... Ernst går sin morgentur før eg er stått opp. Men det er enkelt å finna situasjonar der me ikkje strekke til. Janteloven kan lett overstyre min sjølfølelse. Det kan væra lurt å sjå seg om i eget liv etter ka som ser ut til å fungera bra.


Eg må leita etter mine gode sider. For de finnest jo baki der. Ein kveld satte inn ei svinesteik på langtidssteiking. Så då blir det goe middag midt i vekå. Det er vel ganske snillt? Men eg tenkte jo ikkje bare på Ernst, litt på meg og. Og me ete jo ikkje opp alt det, så då er det lapskaus ein annen dag. Så eg er jo litt goe då..Eg trur eg kan sei at eg har omsorg for dei svakaste. Og så prøve eg å væra et medmenneske, det er også viktig. Men det der med burde, burde... eg kunne vore veldig mye bedre.  Men skitt au, eg får leva mens eg gjer det.


Søren Kierkegaard har sagt at livet kan bare forståes baklengs, men det må leves forlengs.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar