torsdag 1. september 2016

Det ska ikkje så møkje te

Eg kjøpte meg ein bukett med roser i dag. Bare for å gleda meg sjøl. Plutselig blei det litt finare i stovå mi, og eg treng ikkje vaska golvet før til neste helg.... Fint med tørrmopp. Den har danka ut heila grønsåpeluktå. Det der knepet med grønnsåpe i skål under sofaen virka ikkje. Eg har prøvd. Sko det kanskje vore blanda med vatn? Lukta ingenting hos meg, bare steikt løk frå dagen før.

Det sista eg har høyrt/lest om vidundermiddel i rengjøring og alt som trenge vidunder, er eddik. Nå syns ikkje eg eddik lukta spesielt godt. Men eg brukte det i mikroen i dag. Spørsmålet er då: virka eddiken? Eller var det vaskefillå som gjorde susen?

Eg har brukt eddik i vaskemaskinen. Slengte inn ei heile flaska og starta langt program på 90 grader. Det lukta ikkje godt før eddiken, og ikkje godt etter eddiken. Eg har og spandert ekstra dyrt maskinrensemiddel på den der hærens maskinen... Nei..... Ein sjekk av gummipakningen rundt dørå har avdekka fryktelige syner. Men eg får det ikkje av. Har til og med ofra tannbørsten. Mistenke Ernst for å vaska oljete klær der... Sjøl om han gjer inntrykk av at han ikkje vett kos innretningen virka.. Men eg kan jo ikkje kjøpa ny vaskemaskin fordi eg har slurva med reingjering av maskinen. Får bare fortsette å lesa om nye vindunderkurar. Plutselig så smelle eg te med bakepulver og hjortetakksalt i den perfekte oppløysing. Det skrelle av smuss og uhemma så det blir ein fryd å væra meg.

Kjenne at eg i dag har ein dag der yrket som husmor ikkje er drømmen. Ikkje er eg goe på det heller. Eg lika å pynta.... Kanskje i overkant....

Men tilbake til rosene: de tar seg strålande ut. Og så kjøpte eg ein enkel blom -avskårne, ser ut som ringblomst- bare fordi den var oransje. Må ha litt gladfarge, siden eg er på grenså til å synsa synd på meg sjøl. Møtte ei på stasjonen i dag som sa hu syns eg såg sleten ut. Blei ikkje akkurat bedre av det.

Men nå e det snart saltsprengde torsk. Me får kvar vår litla gulrot til, for eg hadde selvfølgelig ikkje meir av den sorten når eg trong det. Og blomkålen som låg i kjøleskapet var akkurat som ein gummiball. Overraskelsen får bli hardkokt egg i smøret!!!!

..og så får eg sjå litt på rosene ...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar