onsdag 21. september 2016

Tenk positivt!

Endelig har eg lest om ein studie som bekrefta mine mistanker ang det å tenka positivt. Det nytta ikkje alltid.

Nå meine ikke eg at me ska gå rundt å væra sure, og å tru at alt går galt. For ein del av oss ligge det å ta sorgene på forskudd nokså latent. Eg meine ikkje at det er sunt. Heldige dei som kan sei pytt, pytt...

Men kor positive må me væra? Er det ikkje greitt nok å hyla ut frustrasjonen når det ikkje går vår vei? Må me sei at det var godt me brakk den venstra hånda og ikkje den høgra, viss me ikkje e keivhendte? Og den der stillfarne som seie: det er så mange som har det værre. Eg blir ikkje bedre når eg har problemer om eg høyre at det er nåken som har det værre. Kan det sidestillast med at me må eta opp det som er på tallerken fordi ungane i Afrika svelt? Blir de mette då? Sjøl eg forstår poenget - kanskje me skulle sendt avgårde dei pengene me spare ved å laga til akkurat passeligt med mat. Den er eg med på. Men me blir ikkje lykkeligare, snillare,  meir vellykka av kun positiv tenking. Kvardagen  vil komma og bita oss i halen enten me lika det eller ei.

Men å leva positivt, villa det beste, det trur eg på. Kardemommeloven er fantastisk.

I mitt yrkesliv blei me til tider tilgodesett med det som kallast coach eller motivator og lignende. Felles var at de beherska morsmålet, at de hadde lært at det lønne seg å ha tre punkter som blir gjentatt og gjentatt. Samme metode som politikarane bruke... Og me forlot seansen med stjerner i blikket, i tru på at me var unike og at bare med å væra, ville verden bli et bedre sted. Eg levde i mange år før eg skuffa forstod at alle desse sjølhjelpsråda egentlig hjelpe mest foredragsholdaren til å fylla opp bankkontoen.

Men han der som seie til ein vestlending at me ska starta dagen med å kikka inn i speilet og sei: Godmorgen solstråle, til også sjøl - må ta seg ei kaka.  Der finnes ingen ting som er lenger fra å væra solstråle om morgenen enn meg. Dessuten så seie me ikkje sånn til kvarandre. Kanskje til små barn ...Ei sånn helsing kan føra til slåsskamp.

Må snart begynna å laga middag så Ernst får ein positiv opplevelse. Men har dagen vore dritt, er det lov å gi uttrykk for det og.

Hilsen alle følelsers mor


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar