mandag 25. juli 2016

Ferie - siste del

Plutselig blei eg møkkleie. Leie av "å spisa på hotellet", leie av vin, leie av svettelukt. Nå lengta eg him til vanlige mat og vatn i glaset. Eg lengta itte å legga meg i goe reine seng...

Det er vel godt at det er sånn. At alt har ein slutt, og at det vanlige tross alt er det beste.

Men me har hatt ein flott ferie. Signe ville nok vore på meir shopping. Men har til nå ikkje sett nåke som de ikkje har heima i steinrøyså. Me gjekk ikkje inn til Armani og di eingong i Amsterdam...... Men gjekk på do der. Bare det var jo ein opplevelse, spesielt siden me gjekk på mannadoet - og blei då uthevet derifrå. Ikkje alt me får for ei Euro.

I dag i København derimot var det heilt gratis å sjå på nåken gamle på vår alder som spankulerte heilt nakne midt i byen.  Det ringte i forskjellige bjeller kan me sei. Dei ville nok hylla det naturlige. Ingen photoshopping der.... Dei slappa til slutt av i Adams og Evas drakt med kvar si øl.

Me ska reisa herifra i mårå. Så får me sjå kor langt me kjeme. Har snart skitna ut alle sommerklærne og må gå øve til det som er tatt med for dårligare tider. Ernst har talt opp 7 langbukser og nåken korte. Det betyr at nedentil ligge han godt an med klær, værre i T-skjorte avdelingen. Der nærma det seg deadline.

Utrulig så rotete det blir i klær og duppeditter når me har vore på reis ei stund. Får ta et skippertak før avgang i mårå. Eg har pleid å vakna midt på nettene - det betyr at eg e dautrøtte når eg bør stå opp. I dag låg eg frampå siden Ernst hadde fått nyss i et museum med Burmeister og Wein (vett ikkje om det skrives sånn). Han var vekke i timevis for å sjå på den gamle motoren. Det er jo sånt eg absolutt ikkje forstår. Hadde det vore "ta på ting-leken" med mulighet for et og anna kupp så hadde eg stillt på flekken.....

Nå har eg fått hatt mi stille stund. Så då får eg gå ut å væra sosiale igjen, og drømma om heim til Jæren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar