torsdag 14. juli 2016

Ferien vår

Nye sommar, nye ferie. Me har snart brukt opp ei veka allerede. Fremdeles bruka me snille innestemme når me snakka med kvarandre. Selvfølgelige har det vore tilløp til litt forhøya volum som f.eks når eg sprang ute i regnet og leita etter søppeldunk. Syns jo godt Ernst kunne ha forutsett at eg ikkje fann desse dunkane og ordna opp før det nyvaska håret mitt låg flatt og pjuskete nedover. Ikkje hadde me strøm lenger heller så føning var utelukka. Dessuten er det ikkje "snillt" lys på badet i bobilen. Eg e redde sannheten vise så altfor godt. Lika bedre speilet heima...

Me har då vore i Mandal to netter før me for avgårde med ferga til Danmark. Alltid koseligt i Mandal. Traff ingen kjende så me måtte klara oss sjøl. Hadde planar om å kokkelera så godt det lar seg gjera på våre tre kokebluss på lørdagskvelden. Men etter kvar vår Marnaburger til lunsj var det plent umuligt å finna plass til meir mat. Det blei pommes frites og pølsa frå buå når det leid på.

På Danmarsfergå er det masse mat å bli frista av. Der lei me ingen nød. Men fy flate så masse folk. Det gjelde å bruka kjøkt for å finna seg ein sitteplass. Men det klarte me.

Etter ei overnatting på rasteplass reiste me til Tønder. Der har me vore mange ganger, så det er reint så me e kjende der. Der hadde me koselig lag med to campingbussar med innhold. Tre overnattinger, mye god mat og gode historier. .. Og litt vin innimødlå..... Me hadde til og med Arme Riddere på stor steikepanna ute ein kveld. Det gjekk ned på høykant.

Og i dag er me heilt for oss sjøl i Brunsbuttel i Tyskland. Har vore og sett på sluser og båtar i alle fasongar, og mat selvfølgelig. I dag blei det italiensk pizza på meg. Den fyllte veldig godt opp. Eg e redde dei stakkars kiloene eg med møa fekk av før ferien  har sneke seg på igjen.

Ernst har oppdaga ei ferja som går herifrå som me ska ta i mårå. Eg vett ikkje kor hu går hen, men så var aldri landkunna mi sterka sida når eg gjekk på skulen. Eg sitte bare på. Pleie å passa på at han ikkje kjøre på rødt lys, hump i vegen, syklistar og sånt...

I dag har me hatt litt fleire regnbyger enn me sette pris på, men me blei ikkje blaute når me var ute og sprada. Me får ta det me får av vær uansett.

Ellers har me reservemat i kjøleskap og fryseboks. Me har handla brus/øl/vin så me klare oss ei veka til. Me har med klær for alle anledninger, kortstokk, yatzy, Ludo, TV. Trur detta går rektig godt. Men Ernst har problemer med telefonen sin. Det er nåke Sony drit. Men me har kvar vår telefon, kvar vårt nettbrett alle tre. Dermed er kontakten med utenomverden redda og.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar