onsdag 20. juli 2016

Ferie del 2

Amsterdam, Amsterdam...

Her e me nå. Men før me kom her har me vore underveis. Me skiltes fra våre venner i Tønder sist torsdag. Avgårde til Brunsbuttel i Tyskland. Var innom ein grensebutikk for å ki øpa litt varer til å ha underveis før me kom fram. Brunsbuttel var mest bare et veikryss. Me var på kaien og såg på båtane, men reiste videre neste dag.

Hittil har me ikkje sett ein einaste norsk bobil der me har stoppa,  og bare så vidt andre skandinaviske.

Det pleie å lysa norsk eller tysk lang vei når du ser middelalder damer med nyinnkjøpt svart Triumph BH med kryss band og lift opp.  Eller endå værre: hudfarge!!!  med bølger av for masse kropp
ned til shorts høg i livet. Han har utvaska Adidas kortbukse med god oversikt til rørleggersprekk og i front blir den holdt oppe med ein stor mage som er rødflammete av for mye sol. Eller han har stålull under armene og singlet som gir rom for å visa noen gamle tatoveringer. Ølboks i umiddelbar nærhet. Hu strikka...

Nå har sikkert me og ein del umiskjennelige bobiltrekk. Men eg har ikkje solt overkroppen uten  klær blant folk dei siste ti årå og Ernst fekk ny shorts i år....

Vel - me reiste til Bremerhaven etterpå. Me hadde orkesterplass til sluser og byen låg 10 minutt borte. Været var med oss. Alt var egentlig OK. Men me fant ikkje matvarebutikk!!!  Leita oss mest i hel. Spurte de innfødte og brukte tlf for søk.. Ei dama ville ha oss til å gå i 35 minutt. Hu snakka bare tysk og likte sikkert ikkje turistar.til slutt forstod me at sånne butikkar sette ikkje ut skilt, og me fann ein i andre etasje i et anonymt hus. Så me fekk både smør og melk.

Videre for me avgårde mot Harlingen i Nederland. Var innom ein liten plass før me kom fram. Ernst hadde lest om ein klok fyr som levde på 1700 tallet og som hadde laga modell av himmelrommet. Me   kjørte oss meste fast i smale gater før me fann ein parkeringsplass og kunne få sett på alle sekstantane, stjernemodellane og lignende greier. Ernst kjøpte seg kalender som gjelde 50 år fram i tid. Sparte sikkert inn inngangspengene med den...

Harlingenen var kjempesjarmerande. Både hus og gater i teglstein. Fine parkar og hagar. Anbefales.

Og så kom me til Amsterdam!!! Har aldri sett så masse folk på ein gong. Og så masse sykler!!!! Me ligge utenfor byen. Må gå 10 minutt, så gratis ferge (for folk og sykler) 10 minutt - og så er me rett i byen.

I går var me rund i et heller lugubert strøk. Signe var skeptisk til all cannabisen, men for oss verdensvante gjekk det fint.

I dag valgte me ein annen retning og fekk andre opplevelsar. Det var ufattelig varmt, så me gjekk ikkje mange meter mellom kvart stopp. Det gjekk i vatn og iste - litt kvivin til slutt.

Me har det topp. Lure på ka resten av ferien bringe...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar