mandag 25. april 2016

Mandag

Det er mandag i dag. Jysla goe!!! Sitte i godstolen min nå mens lukta av kjøtt og suppe brer seg i huset. Må passa på å ha nåke gostoff te middag så eg helle maen fornødde, men den største grunnen e at det vå nåke oksekjøtt som meste var ute på datoen i dag når eg handla, og dette kjeme oss småkårsfolk tegode.

I dag har eg gått min vanlige runde. Få det gjort!!!! Ellers har sengå fått nytt på seg. Det gamla sengetøyet ligge godt i vaskemaskinen. Ingen grunn te å ha det travelt for det snøa ute.... Ska ta på vinterklær og få det på snora før det blir mørkt er planen.

Eg sitte godt, og tenke på helgå som var. Me var på "festival" med masse andre folk på vår alder. Det finnes så mange trivelige gamlingar. Ungdommane har nåke å gleda seg te. Det finnes ikkje press for merkeklær eller likes på Facebook eller anna gruppepress. Me kan væra akkurat som me e. Me vestlendingar har litt å læra av folk frå Sørlandet/Agder og sånne. Dei e så goe på klemming. Me brekke jo meste litt i rygg og nakke når me ska gi etter for å gi/ta imot ein klem. Men det bør væra lett å læra for det er så bra for folkehelsa.

Ser på kalenderen at det er mange sånne flåtte opplevelsar å sjå fram til.

Ellers har eg kjøpt garn for eg ska hekla ein bamse. Godt med planar. Eg e stadig optimist når det gjelde å skapa nåke. Egentlig lika eg bedre å tenka ut ting som me kunne gjort, og så må Ernst gjera det. Men nå når eg har pensjonert meg e han vanskeligere å få til å løysa mine forslag. Trur han syns eg kan prøva sjøl....

... Og i mårå e det tirsdag. Blir fine den og. Bortsett frå at eg ska vega meg og sjå at det gjekk te helsikke med "ta av" planen denna vekå....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar