torsdag 22. desember 2016

Snart jul

Julapynten er på plass. Treet er og pynta. To kjøleskap er smekkfulle av alt me ska eta på et par dagar. Juledag ska me på besøk så då ete me andre sin mat. Den siste shiningen mangla. Det blir lett runde hjørner hos meg. Det er dermed planlagt at morgendagen ska brukast til å skrape fram hjørnene, og legga på nytt sengetøy og gjera oss klar for TV-kos om kvelden. Litla-afta er kjempekoselige. Lys og pledd og litt rødt i glaset i et julapynta hus.

Eg trur me trenge å ha jul midt på vinteren. Eg e sikker på at det har tatt knekken på mange begynnende vinterdepresjoner. Sånt har me ikkje tid til. Ikkje når det er jul som gjeld. Sjøl om me har alt, og litt til, så e det jysla kjekt å få pakker. Ernst skulle få koffert av meg, men siden me reiste på førjulstur måtte han få den på forskudd. Trur ikkje det var drømmegaven....

Nå vett jo og eg at det er mange som gruer seg til jul. Skulle ønskt det ikkje var sånn. Jula er ei tid for glede, men og ei tid som gjer oss oppmerksom på at det er mange som ikkje har det like godt som oss.

Det sista nye av innkjøp i heimen er forresten ein sykkellås av de sjeldne. Den blei bestilt frå USA når eg fekk meg el-sykkel. For 2 1/2 år siden. Då var produksjonen av denne låsen på tegnebrettet. Men det er sånt Ernst lika. Skylda på min sykkel når han vil ha denne låsen. Prisen var omtrent det du betale for ein sykkel på auksjonen hos lensmannen. Men nå har han tidsfordriv mange kvelder med å studera bruksanvisning/passord/app og sånt. Trur ikkje eg trenge låsen. Har brukt sykkelen frå Sport1 og heim. Var tenkt å ha med i bobilen. Men der må me tenka vekt, og han vege ein halve julegris.

Så nå håpa eg at julehosten og julesnuen forsvinne og gir meg den beste juleopplevelsen!!

Har goe tru
God jul

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar