fredag 30. desember 2016

Nye dilemma

Det blir likt kvar gang. Når me skal anskaffe et nytt møbel, når eg ska ha ein nye kjole eller bare om eg ska laga mat som er ny for meg. Alle kvalene!!!!

Nå er det sofa det går i. Eg har i grunnen alltid likt vår raude sofa. Men den har slete med oss i mange år nå og tidå er kommen for forandring. Eg tenkte egentlig at det har ingen hast. Men så var det sånn at eg tok med meg Ernst på ein møbelbutikk her ein dag.

Det var sånn ein koselig selger der. Av den typen som er godt midt i livet. Litt grå... med snille auer og stor forståelse for min situasjon. Den typen som konsentrerer seg om kåna, men som passer på å henvende seg til mannen og innimellom.

Til slutt kom me fram til kos denna sofaen skulle sjå ut. Ernst ville egentlig ta med målå heim for å kontrollert at den ville få plass der den var tenkt å stå, men selvfølgelig var det plass. Eg syns han hadde brukt så masse tid på oss at det ikkje var bare bare å gå...

Selgeren hadde vore på kurs og foreslo at det var bare å handla. Me kunne jo ringa viss det ikkje passe. Ein fortreffelig ide.

Eg var heilt sikker på at eg hadde bestemt meg for fargen.

Det var bare å betala 20% og reisa heim med smil om munnen. Direkte billig var det heller ikkje. Men eg er oppdradd til å halda meg litt i bakgrunnen, og penger bare kviskra me om. (Sikkert derfor eg aldri var i nærheten av lønnstopp i mitt arbeidsliv)

Den natta sov eg dårlig. Fargen på sofaen dreiv rundt i knotten. Eg hadde valgt lik farge som den me har i dag. Festligt eller???? Ingen kom til å sjå at me har fått ny sofa!!!! Og vil eg ikkje trega meg syge når me får dette møbelet i hus? Eg har grene litervis i forbindelse med andre møbelkjøp før. Eg ringte butikken for å stoppa starten av produksjonen. Må ha meir tid!!!!

Eg blei så desperat at eg sendte ein mail til folk som driv med innredning og slikt. Der var juleferie, så eg får senda nye mail for å beklaga meg..... Eg e goe på beklagelser.

Eg var til og med innom fargehandleren i dag for å sjå om eg kunne får ein åpenbaring av fargar. Ingen ting åpenbarte seg....

Så reiste eg tilbake til butikken i dag. Med nedslått blikk og subbende gange beklaga eg at eg må ha meir tid.

Den elskverdige ekspeditøren var der og hadde stor medfølelse med meg. Og han er faktisk veldig hyggelig. Eg er ikkje i tvil om at han vil at eg ska finna fred med dette møbelkjøpet,

Så dermed reiste eg ut igjen frå butikken. Eg hadde med to hefter med stoffprøver, og ei pute. Må returnerast innen klokka 1300 i mårå. Men det er umulig! Eg finne ikkje fargen. Her er rotete, dårlig lys, dårlig TV program. Ingen ting er klart for meg.

La det skje et mirakel når eg vakna i mårå!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar