lørdag 31. desember 2011

Den siste dagen i 2011

Der var me kommen til nyttårskvelden. Året forsvant før me fekk sukk for oss. Og så gir denne dagen ein forventning til at nåke fantastisk ska skje. Då lure eg på om eg aldri blir heilt fornødde med livet mitt sånn som det egentligt er? For kaffor venta eg på et eller anna uoppklart mirakel - som regel knytt til materielle goder.... Det bevise vel at eg tenke mest på meg og mine, og mindre på ungane i Afrika.

Nå sitte eg i i Sirdal og ser utøve snøkledde bakkar. Ganske fantastisk. Det kan ikkje bli lenge til eg finne rødvinsglaset. Kan bli asket i neste år. Det er forseint i 2011 alikevel. Du og du så me ska kosa oss i dag. Her er ein del folk som me kan dela boblevatn med sånn i midnattstider.

Eg har ikkje tenkt å ta på meg skiå i dag. Trur ikkje det e nåke særlig te føre. Og så e eg altfor redde for lårhalsane mine te å risikera dei. Eg e et lite flatterande syn løypå: stive som ein stokk og med svært liten knekk i knenå. Eg passa best å kle meg uten skisko. Sannsynligvis e ikkje den sporten oppfunne som kan passa for meg. Og eg har jo prøvd litt av kvart. Sånn helsestudiogreier tar heile sjøltilliten. Den e skjør fra før, så det kan det ikkje bli det stora i 2012. Eg meldte meg og Ernst på golfkurs eingong, meinte me burde ha nåke felles fritidsinteresser. Det står om det i alle ukeblader: felles hygge.... Vel, eg syns det var kjempekjedeligt. Ikkje traff eg ballen heller, så det slutta av seg sjøl. Viss eg prøve meg på sykling blir eg så andpusten. Får gjera mitt aller ytterste til at morgenturen med mine kollegaer på jobben fortsette. Det kan til tider væra lett å finna på ein grunn te å sleppa. Men som et godt forsett for 2012 må det væra å fortsetja den gode trend.

Og så ska eg bli snillare, bli meir positiv!!!!

Godt nyttår

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar