torsdag 19. mai 2022

År 2022

 År 2022


Me leve i år 2022. Alt som har skjedd i mi levetid er nesten utrulig. For ei utvikling me har vore med på. Me som var unge i utgangen av Flower Power perioden. Den gangen me pynta oss med slengbukse og tunika med paljetter. Me som har opplevd industriell revolusjon, inntog av datateknologi på godt og vondt, økonomisk vekst, utjevning av klasseskiller og kjønnsskille… (stemmer det forresten? det virker nesten som om klasseskiller er på veg tilbake). Eg er fødd 7 år etter siste verdenskrig, og har vært vitne til masse av endringene som har skjedd, alle godene som me har fått tatt del i. Det virka som skikkelig gamle dagar, sånn før Kristus… når eg prøve å formidla frå min barndom. Då blei melka kjørt til meieriet i spann, på hest og kjerre. Var me heldige fekk me sitja på spannå når me skulle på skulen. Nå kjem melkebilen på tunet etter melka. Hest er bare til pynt.  Den gang det var vanlig å finna mor heime, og far var på jobb. Tenk på alle dei talentfulle damene som ikkje fekk brukt evnene sine. I vårt land har de fleste fått et enklere liv. Nå er verden usikker. Ingen kan forstå ka Putin kan finna på, men det er ikkje til vår verdens beste.


Av og til er det lett å romantisere gamle dagar. Då generasjonene budde i lag, og det krydder av ungar som måtte laga lekene sine sjøl. Eg trur det var ganske stritt, og ikkje så rosenrødt som me gjerne vil laga det til. Spesielt når me ser reportasjer som: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu… Då er det gjerne kløverenger, villblomster, heimebakt brød og kopplam som rører rundt i nasjonalromantiske følelsar. Eg skal villig innrømma at den gang eg var lønnsmottager, trøtt og sliten, så foreslo eg for Ernst at me skulle selga det me hadde, og flytta inn i ein sånn idyll. Men eg trur eg såg for meg at det var han som måtte fiksa det meste. Eg ville helst bare kosa meg med litt innredning og lystenning i vårt straumlause koselige reir. Men han såg ikkje likt på det. Så det var nok til allés beste at eg enda på Brattlandsplassen.


Det er like godt å innrømma at eg ville hatt lite å stilla opp med i dei kulissene. Eg som bruker ferdig komlemjøl når eg lage komla. Bare å tilsetje vatn… og Toro sine kakemikser viss eg MÅ baka. Eg er kjempeglad for alle hjelpemidlene som er komme til oss. Kor skulle eg gjort av alle -40% kuppå viss eg ikkje hadde hatt frysa?


Men eg har anskaffa mange greier eg godt kunne klart meg uten. Det såg me iallefall når me flytte frå hus til leilighet. Altså, den brusmaskinen blei ikkje brukt lenge, ikkje den kaffemaskinen med kapsler heller. Men det hende eg trega på at eg kvitta meg med toastjernet. Og eg har lurt på om eg trenge ein airfryer…Men eg minnest den fæle frityrgryta eg hadde for 20 år siden. Blei ikkje brukt, ikkje popkornmaskinen heller..


Nå løyses de fleste problem på nettet. Det er lenge siden eg hadde tak i den store boksen min med oppskrifter. Den som eg skulle laga system for når eg bare blei pensjonist. Nå finne eg oppskrifter på nettet, og lar det stå til. Ikkje alltid det klaffe, men mange ganger så imponere eg meg sjøl.


Når det gjelde alt me kan bruka nettet til, så er eg nok fødd litt for tidlig. Eg er ikkje ein innfødt digitalbrukar. Det er ikkje opplagt for meg, på samme måte som det ser ut til å væra for den yngre garde. Eg trudde at omg, som ofte blei brukt i innlegg på Facebook, betydde omgående, heilt til svigerdatter mi sa det betydde oh my God. Eg har nok hatt mange lignende utfordringer. Men det er egentlig lite å bry seg om. Eg har vel aldri trudd eg skulle kunna alt, og nå betyr det endå mindre. Men eg kunne tenkt meg å kunna redigera bilder, putta de i egne mapper og sånt. Fotobøker var og ein plan eg har hatt for pensjonisttidå. Det er ikkje blitt tid ennå. Og nå er bildene mine oppe i ei sky. De sveve der med mange andre sine. Plutselig blir de hacka, og eg må betala løsepenger for å få de i fotobøker 🥴Ikkje godt å sei..


Me blir liksom ikkje forundra over alle teknologiske framskritt lenger. Det er jo lenge siden den første månelandingen. Den gang var alle samla framfor svart/kvitt tv’en. Ein begivenhet alle måtte få med seg, og som me snakka om med forundring lenge etterpå. Tandberg var eksperten som forklarte på folkelig måte ka som skjedde. Nå snakka de om å ta ein tur til Mars. Det gir ikkje lenger samme interesse. Det henge visst ein Tesla der oppe i atmosfæren og.  Me er blitt blaserte. Eg huska når Big brother kom på norsk tv. Me såg på med forundring og var ganske beklemte, men det var mange meininger. Nå operere de med nakendating. Om det er utvikling eller tilbakesteg er eg ikkje sikker på. 


Eg huska når det landa et helikopter på bakken nedføre huset vårt når eg var unge. Et av desse små  kuleforma. Heile Ølen heiv seg på sykkel for å komma å sjå, og dei som hadde bil kom i den. Det var folk som var i slekt med Olaffen som kom i helikopteret. Sønnen hadde lappen på helikopter.  De skulle på hyttå. De var byfolk frå Stavanger, og hadde med slikkepinnar til oss.  Store ting, sjøl om me var van med sjøflyet som kom med Bergens Tidende frå Bergen kvar dag, var dette nåke anna.


 Så eg lure på om eg vil oppleva desse menneskelignende robotane som skal ta over husarbeide vårt, hjelpa ungane med lekser, og bli nesten som ein venn. Litt skummelt å bli heilt overflødig. Akkurat der er eg ikkje heilt klar. Men gode hjelpemidler til dei som treng det er nødvendig. Spesielt siden me nå skal bu heime til siste dag. Då kan det væra greit å ha ein maskin som passe på at me får i oss alle pillene, rektig mat og at kjolen ikkje er tatt på bakfram. Desse maskinane kan få lønn i kryptovaluta…Eg ønske meg et badekar med heis i. Det kunne eg tenkt meg i dag…


Men nå får me leva dagen i dag. Gleda oss over Braut Håland sin fotballkarriere, og alle oppvoksende stjerner me har rundt oss. Og blir me ikkje stjerner eller kjendiser får me trøsta oss med at det enkle er ofte det beste.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar