tirsdag 9. oktober 2018

Kosetur

Eg har vore på tur

...og det er eg jo rett som det er. Men det er jo viktig å fylla livet med glede. Så ein stor gjeng fylte opp ein stor buss, og så for me på langweekend til Ålborg. Denne gjengen har reist i mange år på denne turen, der formålet er å ha det kjekt, og ellers ingen ting.

Det er veldig trivelig selskap. På veg mot ferga i Kristiansand er det masse godlyd rundt omkring i setene. Og siden mange av oss er kommen til det stadiet i livet at mat er viktig, så gleda me oss til buffeten på danskebåten. Me ser fram til fleire dagar i luksuslivet på hotell i Ålborg.

Det er så nydelig å gli ned i det kvita sengetøyet i hotellsengå. Då er det nåken andre som må streva med å bytta sengetøy. Det er nåken andre sine negler som knekke. Ja eg ete opp mine, så det kalles forebygging. Dei store sengene med alle putene, og ein slags sengeteppe fullt av basiller frå tidligare losjerande, er nåke heilt anna enn det me har heima. Heima går det i ta to, betal for et, frå Kids eller Prinsess. Dei har det med å krympa i vask. Så sjøl om eg kjøpe 220 cm så vil dynå ut på egenhånd etter et par vask. Kanskje ein ide å gå opp i kvalitet? Og eg er for miljøvern. Men eg ønske meg reine håndkle kvar dag, så eg får spara miljøet på andre måtar. Får bli bedre å ta med handlenett på stasjoen....

Og så er det hotellfrokost. Eg ete stort sett det samma alltid: to sjever, kokt skinke, eggerøre, små pølser, tomat, agurk, appelsinjuice...... så eg kunne vel fått det til her heima og - med litt innsats. Men eg lika godt litt luxus av og til. Dessuten er det luxus å ligga på sofaen heime under pleddet og la tankane vandra og, kanskje med ein kaffikopp i nærheten. Dei som kjenne meg syns kanskje eg drar sofaluxusen for langt eller for ofte....

På denne turen var det et godt uteområdet med tak over. Her samlast folket for å fortelja skrøner og for å legga planar for resten av dagen. Middagen tok me samla ute på byen. Då er det som det ofte er når nordmenn i gruppe skal ut: me toga gjennom byen og pressa oss inn i lokalene og blei ståande til almen beskuelse, inntil me blei viste inn der me skulle væra. Med goe vin i glaset og snadder på tallerken er de fleste godt fornøyd når me igjen treffes på vårt uteområdet i kveldingå.

Det budde et par med to hundar nærheten av denne plassen. Og når over 30 nordmenn ler og alle seie nåke på ein gong, blir det litt lyd - de var ikkje fornødde me oss. For hundane fekk ikkje sova..... Så eg får håpa hundane fekk ligga litt frampå neste dag.

Så vidt eg vett gjekk turen fint uten alvorlige skader. Sjøl stupte eg ned ei trapp. Heldig for meg at trappå bare hadde tre trinn, og at ingen såg det. Meg gjekk det bra med, brillestengene sprikte i kvar sin retning. Men Ernst har leatherman, så det ordna seg. Eg var hos optiker i dag og tok den siste finpussen. De tåle nok ein nye Ålborgstur

Statshemmeligheter frå turen forblir statshemmeligheter . Ikkje kom tollerane innom heller. Men det er forseint å trega etterpå. Men de selge rødvin på Nærbø så eg klare meg. Heimturen gjekk stilt og rolig, kanskje bare avbrutt av snorkingå til damå i setet bak meg....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar