tirsdag 23. juli 2013

Siste kapittel ferie

Me e på heimveg. Nå er me kommen til Ålborg, som er siste stopp før ferja tar oss til Kristiansand på torsdag.

Eg, Ernst, Signe og Tom Tom har hatt ein fin ferie. Må meste skryta litt av Tom som har geleida oss på rett veg, med få unntak. Han er sannsynligvis ein dresskledde fyr med kvit skorte og gullmansjettknappar. Det e ikkje møkje humor i hans rettleiding: avkjørsel lenger framme, hold til høgre, osv.  Men eg trur det kunne vore fint å hatt han som kavaler på restaurant. Han hadde garantert valgt den rette maten og vinen... Men utover det føretrekke eg andre kvalitetar.

Han lurte oss te å kjøra ned i Osnabruck. Der hadde ikkje me lov å kjøra, siden me ikkje har rektige utslepp på avgassane. Nå klarte me å snurra oss utigjen, mellom fruktboder og blomsterkassar, og uten at politiet kom.

I Koblenz hadde han ikkje fått med seg at me vege øve fem tonn, og geleida oss in på ei bru med max treogethalvt tonn. Me kjørte ei stund i rundt før me fant rektige utgang. Men ellers så har Tom og eg hjelpt Ernst så godt me kan. Tom seie kor me ska kjøra og eg seie ÆÆÆÆ du e for nærme, rød lys og annen nødvendig informasjon.

Me har iallefall fått sykla masse på denne ferien. Det er jo sikkert bra, det betyr at eg har samme størrelsen når eg kjeme him som då eg reiste. Det til tross av større inntak av vin enn det lægeforeningen anbefala. Men nå er det jo snart stopp på den slags utskeielsar. Det er ikkje langt frå alkohol-likar til alkoholikar....

Me var og innom Trier på vår Moseltur. Der og finnes det borger og slott å besøka. Men då var eg igrunnen metta av den slags. Me har truffe masse kjekke folk. Og eg lure på om eg ser så fotlause ut som eg til tider føle meg, for eg har igrunnen fått hjelp til problemer før eg visste eg hadde di...

I Trier måtte Ernst igjen fram med verktøyskrinet. Giret i markiså trakk sitt siste sukk, eller iallefall mesten. Det var ein del tause tilskuarat når han drog fram gardintråppå, Signe lyste med to lommalykter. Eg såg på. Men jamen klarte han å brekka opp og finna ut ka så sko te. Mangla utstyr, men fekk lagt seg ei "skjeva" av et kalkulatorlokk, og vips så virka giret igjen. Men eg e redde for at me må gå til anskaffelse av nytt når me kjeme heim.

I dag ska me gå i byen. Eg e glad i kjøpemat så andre har laga. Det e meste det besta med heile ferien. Men nå gleda eg meg og til å komma heim. Ska bli løye å få treffa igjen Trixie (katten) Svigermor har trufast mata henne og gitt henne kos, men eg vett hu savna oss for det. Og så er det spennande om sauen har klyppt plenen, eller om han har gått seg fast i ein busk. Og så gleda eg meg te at Ernst ska ta fatt på sommarståvå mi igjen. Då må det ikkje væra for fint vær, for då finne han på andre ting. Eg har kjøpt nåke bling som ska pynta opp der inne. Det va det kjekka. Det som er mindre kjekt e at eg og har tannlegetime i neste veka ...


Det vil eg ikkje fortelja om.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar