onsdag 3. juli 2013

Mal for feriestart

Vel, bilen e pakka - trimmde til siste krok- nå er det ikkje lenge te. Bare to dagar te på arbeid..

Og då skjer det mesten alltid det samma. Me e litt ampre før tenningå blir skrudd i. Eg har ein følelse av at eg må huska på alt, men den andre parten har vel kanskje og den følelsen. Sannheten er vel at me har kvar våre saker å ta hånd om. (trur eg har meir ...)

Og så den følelsen når  me bakka ut av gardsrommet. Då kan me krølla oss velfornødde sammen og gløtta øve hekken te naboen. Det e bare å slå i kaffikoppen.

Så starta det. Eg e ganske møkje med å kjøre, for å sei det sånn. Eg sjekka ut om det e bilar på vegen, om der e ungar som ser ut som om de vil sykla rett ut og ein masse anna

Når me svinge inn på Buevegen kan du ta deg gift på at då er der ein traktor med svære, doble hjul føre oss. Den må me  jo forbi. Eg hata desse veiene uten gule stripa!!!! det ser alltid ut som om det ikkje e plass. Eg krype i samen i påvente av bråstopp og svidde traktorhjul. Og så hyle eg!!!! Og Ernst kjefta: "ska du få meg te å kjøra av veien!!!!". .. Og Signe vil væra diplomat, så hu spøre om me ska bytta plass, sånn at eg kjeme litt vekk frå frontvinduet.

Så går det bra lenge. Heilt te eg får for meg at han kjøre litt vel ut på kanten. Eg helle foredrag om dårlig veiskulder, og om store bilar som har velta med fryktelige følger. Men ifølge Ernst kan ikkje det skje viss me bare helle oss i bevegelse. Akkurat så eg trur på det!!!



I tettbygd strøk e eg opptatt av å følga med på trafikklys og humpar i vegen. Eg ser det er ein hump og så seie eg stillt: hump, hump, hump eller så ser eg lyså: då blir det rødt lys, rødt lys, rødt lys. Maen e øve seksti, og klart at reaksjonsevner blir svekka. Han bør vera glad for å ha ei kåna så passa på. Men han e ikkje det.

Når me nærma oss målet får eg beskjed om å finna ut kor me ska kjøra. Sjå på skilt og sånnt. Men då e eg ikkje med lenger. Det e jo han så e sjåfør...  I den seinare tid har jo alle GPS. Me har minst fira. Kjekt å ha. De seie ifrå kos me ska kjøra i kryss og rundkjøringar. Trenge ikkje tenka ein tanke sjøl. Den eine vår seie og i frå om det blir kø, eller regn.han gjere alt slag. You name it. Eg har jo ikkje heilt forstått kaffor han der maen ska halla på å snakka når me reise te Mandal. Me kan jo veien der. Men han tyte på sitt. Han og ønskekonserten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar