onsdag 27. mai 2020

Gode og vonde dagar

Alle familier opplever vanskar løpet av livet. Sånn er det bare. Og me er skapte sånn, at tek du den, så tek du den..

Av og til kan det bli veldig vanskelig å klara alle motbakkene. Men gjer me det, skal me væra på toppen. Men då kjem som regel nedoverbakken.

Eg har ei dotter som slit med å finna den rette stolen. Så hu fell mellom alle stolane som «de» vil hu skal ha. Og det kom så nær meg, nå når diskusjonen går i dette samfunnet som vil gi plass til alle. Bare for å presisera: hu ville aldri ha blitt valgt bort.

Kor mange ganger eg har gått frå møter, full av håp, og tenkt at DENNE gangen tar de tak i problemet vårt. Men foreldre er de siste som får uttala seg, og som regel er det vel bare fordi det høyrer til. Og den det gjeld blir heller ikkje rekna med.

Alle desse, som ikkje eingong har eit grunnkurs i psykologi, har svaret. Svaret er som regel gitt før møtene har starta. Og sjølv med dette grunnkurset, ville dei ikkje klart å finna fasiten. For nokre av våre innbyggjarar følger ikkje utvikling frå lærebøkene. Og svaret skal dei finna, dei med fine papirer frå utdannelse om ledelse og administrasjon.  Det skaper frustrasjon hos dei som skal/bør finna løysning. Og frustrasjon skaper ofte sinne... og det blir bare taparar av dette.

Eg blir ofte motlaus. Tenker at nå må me gi opp. Men så huska eg ei jente med masse humor, ei som elska å gi gaver kun for å glede, ei som ville hjelpa mora si når hu var trøtt, hu som fortalde vitsar i gode lag...

Og eg vil så gjerne få tilbake denne jenta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar