fredag 10. mars 2017

Eg ska te Syden!

Hjelp! Eg ska te syden. Har aldri vore på Gran Canaria, men nå skjer det. Erfaringen min med solferie er ei veka i Kroatia. På onsdagen ville eg helst reist heim, så nå får me sjå om eg finne roen denne gangen. Eg har alltid halde ein knapp på bobilferie. Då kan me vri om starten og reisa videre så snart me blir leie.

I dag har eg pakka kofferten. Ville helst hiva oppi alt av klær som ser sommerlege ut. Men en må skjerpa meg, så eg bar nåken tilbake til kleskapet. Nåken klær prøvde eg - Dessverre, ein heil del somrar siden dei passa. Designet er vel ikkje heller årets. Men eg er kommen i den situasjon at eg må væra glad om eg finne størrelsen, så får mote væra mote...

Ungar/svigerdatter/barnebarn skal passa på meg. Ernst skal væra heime og passa fortet. Eg kan ikkje sleppast laus åleina for eg finn ikkje fram. Eg er totalt hjelpelaus på egenhånd. Det besta blir vel om eg tar ein lapp rundt halsen..

Men eg gleda meg. Satse på masse lek med barnebarn og mye god mat. Då skulle primærbehovene væra dekka... og så litt vin innimellom.... Har kjøpt solkrem, men der er et område rundt halsen som alltid blir solbrent, så me får sjå om det blir ei raud tomat eller ein gyllen fersken som reise heim...
Og det stora spørsmålet er: Kjem eg til å bada? Eg flyte som et gammalt anker, og så må det væra mange grader og lite folk.

Eg har funne fram pass og Euro. Så nå kjem eg til å sjekka opp til fleire gonger for sikkerhets skyld. Eg har vore hos frisøren og fått nye farge på det gråa, så eg er klar for å møta verden utenfor Varhaug. Blir nok ei litt urolige natt, for tenk om eg skulle forsove meg!,, kan ikkje huska ka tid det skjedde sist...

Det er vel på tide å lukka kofferten, ka har eg glømt??? Skitt i, eg har Euro - der er vel butikkar i Spanien og!!!

Detta kan bli starten på ei ny tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar