Eg har hatt ein feriedag i mai. Og det kjenne eg. Det var et slit å komma ut av sengå i dag tidlig. Og grunnen er at eg i går prøvde meg på avlat. Sånn som katolikkane gjorde, eller kanskje gjer ennå. Eg hadde et snev av dårlig samvittighet. Derfor stod eg tidlig opp i går, på min feriedag. Eg gjekk ut og trekte pusten, og så henta eg utstyr som må te for å luka. Og luka sidestille eg med å vaska klær, det er lika lite kjekt.
Så e det sånn, at eg har litt dårlige kne. Derfor får eg ikkje te å ligga på kne når eg kjempa med ugraset. Så eg tredde på meg ei oljebuksa av den gamle sorten. Det va nemlig vått i graset. Då kunne eg ligga henslengt. Nåke lignande sånn som dei gamle grekerane gjorde når de fortærte drueklasen. Heldigvis va det ikkje mange som såg på denne seansen. Eg tok ikkje pause før eg hadde haldt på i ein time. Det ser framifrå bra ut!!!
Ærlig talt, så hadde eg tenkt å ta ei økt i dag og. Men så blei plutseligt Vårherre på mi sida. For nå har han åpna for dusjen, og då lar me væra det der utearbeidet. Og godt er det, for det finnes musklar i min kropp som har lagt inn protest.
Dermed har eg ein heile lørdag til disposisjon. Kanskje eg ska væra ei goe husmor og goe kåna i dag. Eg har fått oppskrift på ein goe dessert eg kan laga, eller eg kan støvsuga unna sengå. Me får nett sjå. Må ha litt meir kaffi først.
God lørdag!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar