Me kjenne at det nærma seg årets beste årstid: våren! nå kan me løysa litt på kledno, åpna vinduene og nyta alle dei raue dagane på kalenderen - og best av alt: fremdeles gleda oss te at det ska komma ein sommar.
Men det e litt strevsomt og. Når me hive av litt klær så kjeme ekstraarbeide med kropp og sånnt fram. Et litt eldre skinn har ein tendens te å tørka inn. Huden på leggene mine såg ut som elvebreddene i Afrika i tørketiå. Itte at eg hadde heve stillongsen og studert det sørgeliga resultatet, måtte eg fram med alt eg hadde av kremar og oljer. Og eg trur eg må halda på ei stond før det heila jevna seg ut. Og så må me passa på å ikkje sleppa inn alt for masse sol på de mjukaste partiene, nå må det velgast mellom brunfarge og skrukker - eller ikkje brunfarge og litt mindre skrukker.
Graset på plenen har fått et skjær av grønfarge, så det går seg nok te detta året og. Me ska ha fleire langhelger på bobiltur. Det kan væra nåke stress før me kjeme oss avgårde - sånnt litt høgt snakk (les kjefting) Men itte nåken mil senka roen seg og avslapningsmodus blir neste steg. Eg har budd på fine hotell, men sengå mi i bilen er å foretrekka. Det er herligt å ligga å dra seg mens nitimen surra på radioen. Detta vise vel at eg e ei enkel sjel, som er lett å gleda!
Og det ska seiast: eg gleda meg veldig te glashyttå i blir ferdige!!! Den innredningå eg har i håve mitt har eg ikkje funne i nåken katalogar ennå. Så det kan bli strevsomt når me kjeme te møbleringsdelen... Eller så blir det som vanligt: kompromiss (det praktiska blanda med litt fint). Katten trives godt i nybygget. Foreløpig kan han lura seg inn frå undersiå - men nå nærma det seg at Ernst får på golvet. Då må katten benytta tjenestevei for å komma seg inn. Eg e jo litt svake viss han smiska litt med meg. Dette e altså katten, som ikkje e ein han men ei hu. Innerst inne vet eg at katten lika Ernst besre enn meg. Derfor gir eg han aldri mat, men eg støvsuge kattahår - så eg fortene litt kos eg og
Livet er ikke det værste man har.....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar