torsdag 24. november 2022

 Julemøte i Bygdekvinnelaget


Eg har lova å levera nåken ord til julamøte i Bygdekvinnelaget. Eg må skriva om det eg kjenner til. Og livet mitt er egentlig ikkje spesielt spennande. Eg har  i tidligare tider, etter beste evne, skildra alle følelsane me skal kjenna til ved juletider. Då tenke eg på nyvaska stover, strålande lys, glitrende barneauer, den goda luktå av granbar. Nå er vel de fleste julatre av plast, og julaluktå kjeme frå stearinlys med lukt og frå flasker og dråper,  og det er ikkje særlig bra for lungene våre, seie astmatikarane. Så eg får hoppa over all det der denne gangen. Men eg er veldig glad i den fine stemningen jul gir oss. Eg trur me blir bittelitt bedre mennesker rundt juletider.


Førjulstidå er ei tid eg like godt. Den gir oss nåke å streva imot i denne mørke tidå. Sjøl om eg ikkje bruka opp ei Akaxflaska i juleforberedelsene mine, så hende det eg vaske nederste hyllå i kjøleskapet. Det er der driten samla seg i mitt. 


Men litt reingjøring blir det i denne heimen og. Eg vil involvera Ernst i sånne oppgaver. Han er ikkje spesielt interessert. Men han kan få ros for støvsuging. Eg fant forresten på å vaska badegulvet for hånd, for ei stund siden. Syns det var antydning til litt runde hjørner etter moppevasken. Men det er jo ganske slitsomt å bøya seg ned under skap og sånt. Derfor vrei eg opp fillå, og akte meg rundt på baken og vaska. Og så ropte eg på Ernst: kom inn her litt, sa eg. Så kom han og spurte ka det var. Vil du flytta bøtta for meg sa eg. Han syns ikkje det var løye…


Og i desse tider blir me bomba med spareråd. For det er inflasjon i landet. Men så er det sånn at sparerådå er : et opp maten din. Ned med matsvinnet. Ganske fornuftig egentlig.   Det sa de til meg og, når eg var liten. Då var det for at ungane i Afrika ikkje hadde mat. Siden eg alltid godtok det de vaksne sa, så stilte eg ingen spørsmål om de blei mette når eg åt opp. Og andre råd til folk med lite penger er: bytt varmtvannsbereder, få tak i varmepumpe, bytt vinduer, isoler huset…. Men me må betala det sjøl. Og med galloperande pris- og rentestigning er ikkje det så enkelt.


Me er kanskje ikkje dei som er værst stilte, me som bur på Jæren. Men det er folk som har behov for matposer her og. Det er vondt å veta at det er medmennesker som ikkje har nok midler til et rimelig bra liv. Det bør ikkje væra sånt, i det de kalle for verdens rikaste land. Barnefattigdommen auke her i landet. Tenk, me har matfattigdom her i landet!  Det er ikkje lett å be om hjelp. Det burde vore et system som automatisk blei innkobla når inntekt og utgift ikkje blir par. Dette opprøre meg. Og når me nå går inn i den høytidå der skille blir ekstra merkbart…. tenk om alle me som er her nå gir ein 50 lapp til ein forening/institusjon/enkeltmennesker som arbeide for å gi  vanskeligstilte ein julegave. 


Nåken grupper har kanskje meir penger enn det som godt er. Når eg lese om pappaguttene på videregående i Oslo som samle seg om ein russebuss til millionen ++ då får eg fnatt. Og dei som ikkje har midler eller mulighet til å surra vekk så mange penger, dei blir på utsida av den tidå ungdommen skal feira. De blir ikkje rekna med i gjengen, når de ikkje har masse penger.  Eg syns nå egentlig ikkje de har gjort nåke spesielt om de har gått på skule nåken år. Bevares, de første årå var jo bare lek. Det er nok etter videregående de vil merka de største krava, og uroen om de tar det rektige valget.


Eg huska ein episode frå min barndom. Eg skjønte det ikkje då, men har tenkt på det i vaksen alder. Det var ikkje mange penger i vår heim. Pappa var bussjåfør, og mamma stelte heime. Men me mangla ingenting, og de fleste vennene våre hadde det likt. Eg huska når me fekk kjøleskap. Vaskemaskin fekk mamma først når eg var 16 år, og den femte ungen ble født. Den fekk hu av sine foreldre. Men episoden eg huska er når pappa steikte kålrabibiff til oss. Eg har mistanke om at det blei nok for mor mi, og at hu overlot det tomme spisskammerset og ungane til han. Og pappa såg alltid lyst på livet; tralala og sang. Han fortalde oss at dette var sånn mat de fine i byen åt, steikte kålrabi, krydra med salt og peppar og poteter og smør til. Eg huska me syns det var kjempegodt. Og når det blei kveld var mamma tilbake.


I år har Vårherre kompensert for høge strømpriser ved å halda temperaturen på sånn ca april vær. Og i det siste har me fått vatn i magasinene. Det ser litt lysare ut sånn kraftmessig. Det er ny verden me leve i nå. Men desse strømprisane svinge veldig. Tenk nå slår eg av lyset på badet når eg går ut. Det er vel første skritt til å få oss oldissar til å spara på ressursene. Det er godt ungdommen står på barrikadene, som de alltid har gjort.  Men eg har ikkje akkurat sansen for å lima seg fast til asfalten med superlim, eller å hiva tomatsuppe på malerier. Det virke vel helst mot sin hensikt.


Levestandarden har bare gått opp, og kanskje nådd toppen nå. Eg trur det er bra, viss me samtidig tar bedre vare på kvarandre, og dele på det me har.


Men eg trur ikkje me får tilbake julaselskapå me hadde når eg var liten. Då me troppa opp i vår beste stas hos tantene. Der fekk me goe mat og masse gode småkaker, delfiakake, risboller og lefse med lefseost. Det siste har eg bare fått i Ølen. Er litt usikker på om det kan væra ein tradisjon bestemor tok meg seg frå Hjelmen på Fitjar.


Det var litt skummelt hos tante Annemor. Hu hadde det så fint, og me var så redde for å søla. Og då kan du veta at det gjekk et saftglas utover bordet. Hos tante  Britta (Brith) og onkel Odd var det koselig. Spesielt onkel Odd brydde seg om oss ungane. Han sa så masse løye. Me var hos andre tanter og. Eg huska ikkje ka tid dette tok slutt. Men mamma var ganske oppskjørta når det var hennas tur.


Sånn har det blitt med meg og. Eg er glad i gjester, men maten stresse eg med. Baking er under pari. Men eg er begynt å kjøpa ferdigbaka. Middag er eg sånn nåkenlunde på. Iallefall auka omkretsen på både meg og Ernst. Det er den fryktelige bivirkningen av å væra lat pensjonist.


Men sikkert som amen i kirkå, så blir det jul i år og, viss kloden holder seg i rektig kjøreretning.




torsdag 19. mai 2022

År 2022

 År 2022


Me leve i år 2022. Alt som har skjedd i mi levetid er nesten utrulig. For ei utvikling me har vore med på. Me som var unge i utgangen av Flower Power perioden. Den gangen me pynta oss med slengbukse og tunika med paljetter. Me som har opplevd industriell revolusjon, inntog av datateknologi på godt og vondt, økonomisk vekst, utjevning av klasseskiller og kjønnsskille… (stemmer det forresten? det virker nesten som om klasseskiller er på veg tilbake). Eg er fødd 7 år etter siste verdenskrig, og har vært vitne til masse av endringene som har skjedd, alle godene som me har fått tatt del i. Det virka som skikkelig gamle dagar, sånn før Kristus… når eg prøve å formidla frå min barndom. Då blei melka kjørt til meieriet i spann, på hest og kjerre. Var me heldige fekk me sitja på spannå når me skulle på skulen. Nå kjem melkebilen på tunet etter melka. Hest er bare til pynt.  Den gang det var vanlig å finna mor heime, og far var på jobb. Tenk på alle dei talentfulle damene som ikkje fekk brukt evnene sine. I vårt land har de fleste fått et enklere liv. Nå er verden usikker. Ingen kan forstå ka Putin kan finna på, men det er ikkje til vår verdens beste.


Av og til er det lett å romantisere gamle dagar. Då generasjonene budde i lag, og det krydder av ungar som måtte laga lekene sine sjøl. Eg trur det var ganske stritt, og ikkje så rosenrødt som me gjerne vil laga det til. Spesielt når me ser reportasjer som: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu… Då er det gjerne kløverenger, villblomster, heimebakt brød og kopplam som rører rundt i nasjonalromantiske følelsar. Eg skal villig innrømma at den gang eg var lønnsmottager, trøtt og sliten, så foreslo eg for Ernst at me skulle selga det me hadde, og flytta inn i ein sånn idyll. Men eg trur eg såg for meg at det var han som måtte fiksa det meste. Eg ville helst bare kosa meg med litt innredning og lystenning i vårt straumlause koselige reir. Men han såg ikkje likt på det. Så det var nok til allés beste at eg enda på Brattlandsplassen.


Det er like godt å innrømma at eg ville hatt lite å stilla opp med i dei kulissene. Eg som bruker ferdig komlemjøl når eg lage komla. Bare å tilsetje vatn… og Toro sine kakemikser viss eg MÅ baka. Eg er kjempeglad for alle hjelpemidlene som er komme til oss. Kor skulle eg gjort av alle -40% kuppå viss eg ikkje hadde hatt frysa?


Men eg har anskaffa mange greier eg godt kunne klart meg uten. Det såg me iallefall når me flytte frå hus til leilighet. Altså, den brusmaskinen blei ikkje brukt lenge, ikkje den kaffemaskinen med kapsler heller. Men det hende eg trega på at eg kvitta meg med toastjernet. Og eg har lurt på om eg trenge ein airfryer…Men eg minnest den fæle frityrgryta eg hadde for 20 år siden. Blei ikkje brukt, ikkje popkornmaskinen heller..


Nå løyses de fleste problem på nettet. Det er lenge siden eg hadde tak i den store boksen min med oppskrifter. Den som eg skulle laga system for når eg bare blei pensjonist. Nå finne eg oppskrifter på nettet, og lar det stå til. Ikkje alltid det klaffe, men mange ganger så imponere eg meg sjøl.


Når det gjelde alt me kan bruka nettet til, så er eg nok fødd litt for tidlig. Eg er ikkje ein innfødt digitalbrukar. Det er ikkje opplagt for meg, på samme måte som det ser ut til å væra for den yngre garde. Eg trudde at omg, som ofte blei brukt i innlegg på Facebook, betydde omgående, heilt til svigerdatter mi sa det betydde oh my God. Eg har nok hatt mange lignende utfordringer. Men det er egentlig lite å bry seg om. Eg har vel aldri trudd eg skulle kunna alt, og nå betyr det endå mindre. Men eg kunne tenkt meg å kunna redigera bilder, putta de i egne mapper og sånt. Fotobøker var og ein plan eg har hatt for pensjonisttidå. Det er ikkje blitt tid ennå. Og nå er bildene mine oppe i ei sky. De sveve der med mange andre sine. Plutselig blir de hacka, og eg må betala løsepenger for å få de i fotobøker 🥴Ikkje godt å sei..


Me blir liksom ikkje forundra over alle teknologiske framskritt lenger. Det er jo lenge siden den første månelandingen. Den gang var alle samla framfor svart/kvitt tv’en. Ein begivenhet alle måtte få med seg, og som me snakka om med forundring lenge etterpå. Tandberg var eksperten som forklarte på folkelig måte ka som skjedde. Nå snakka de om å ta ein tur til Mars. Det gir ikkje lenger samme interesse. Det henge visst ein Tesla der oppe i atmosfæren og.  Me er blitt blaserte. Eg huska når Big brother kom på norsk tv. Me såg på med forundring og var ganske beklemte, men det var mange meininger. Nå operere de med nakendating. Om det er utvikling eller tilbakesteg er eg ikkje sikker på. 


Eg huska når det landa et helikopter på bakken nedføre huset vårt når eg var unge. Et av desse små  kuleforma. Heile Ølen heiv seg på sykkel for å komma å sjå, og dei som hadde bil kom i den. Det var folk som var i slekt med Olaffen som kom i helikopteret. Sønnen hadde lappen på helikopter.  De skulle på hyttå. De var byfolk frå Stavanger, og hadde med slikkepinnar til oss.  Store ting, sjøl om me var van med sjøflyet som kom med Bergens Tidende frå Bergen kvar dag, var dette nåke anna.


 Så eg lure på om eg vil oppleva desse menneskelignende robotane som skal ta over husarbeide vårt, hjelpa ungane med lekser, og bli nesten som ein venn. Litt skummelt å bli heilt overflødig. Akkurat der er eg ikkje heilt klar. Men gode hjelpemidler til dei som treng det er nødvendig. Spesielt siden me nå skal bu heime til siste dag. Då kan det væra greit å ha ein maskin som passe på at me får i oss alle pillene, rektig mat og at kjolen ikkje er tatt på bakfram. Desse maskinane kan få lønn i kryptovaluta…Eg ønske meg et badekar med heis i. Det kunne eg tenkt meg i dag…


Men nå får me leva dagen i dag. Gleda oss over Braut Håland sin fotballkarriere, og alle oppvoksende stjerner me har rundt oss. Og blir me ikkje stjerner eller kjendiser får me trøsta oss med at det enkle er ofte det beste.

 

torsdag 29. juli 2021

Sunn mat, blir me slank av det?

 Alle ønske seg et godt liv. Og når ein har passert middagshøyden kan det ofte komma tankar om egen helse. Når ein ikkje tidligare har tenkt over kondis eller sukker og kosthold, kan det lett bli vanskelig å finna ut av.

Nå stemme ikkje det me lærte i gamle dagar. Nå gjelde ikkje fiber, frukt og grønt lenger. For kaloritelling har vore et alternativ i tidligare tider. Av egen erfaring vett eg at å starta med det, bare fører til at ein blir aldeles galen etter sjokolade, is og all slags uhumskheter. Å gå å pina seg i veke etter veke har aldri gitt meg gevinst.

Eg har lese om knekkebrødkuren. Då er det knekkebrød som er oppskrifta på lykke, og litt mager kylling, steikt uten fett, eller andre smaksfremmande godsaker. Saus er bannlyst. Eg har notert det bakom øyra, men er usikker på den og. Og når me må ta vitaminer i tillegg, kan det umulig væra sunt. Men de seie at et midjemål  på over meteren er veien til fortapelse. Med meg går det luks ut i periferien.

Så er det den der 5:2. det betyr at me kan eta fem dagar, og la vær i to dagar i veka. Eg har kjøpt ei kokebok som passa til denne form for sjølpining. Men eg har aldri vore tilhenger av spinat og grønnkål. Trur ikkje havregrynsgrøt, kokt på vann, uten sukker, vil gjera dagen bedre. Og eg er usikker på om havregryn er akseptert. 

Det er jo det som er så vanskelig. Det som var sunt i forrige århundre, kan være heilt out nå. Og går me for det de kalla lavkarbo er det andre reglar. Her falle både fiber og poteter ut. Og grønsaker, som alltid i tidligare tider var sunt, det er litt på grenså… de må bare veksa over jordå. Dermed forsvinne kålrot og gulrot og. Eg er ikkje kålelskar. Kål gir romling og luft i magen. Og frukt har fruktsukker. Ikkje godt med store doser av det heller. Men de seie biff og laks er gode greier for å få ei bedre helsa og ein sunnere kropp. Det kan eg væra med på, men eg vil savna potetå.

I alle mulige forslag til sunnhet og et liv som slank, lure slangen. Han som seie: gi det opp, du har bare dette livet… og eg blir overtalt. For tanken på å unnværa alt som eg pr. i dag syns er godt virka meiningslaust. 

Men så dukka det opp; fotografiet av den gamla, runda kjærringå med grått hår. Og det er mye værre enn bildet eg ser i speilet. Eg er redd for at fotografiet er sannheten.


Blir det vann og brød framover? Nei det går jo ikkje, for kos var det med brødet??? Men så lenge er vann heilt ok.

torsdag 26. november 2020

De nære, kjære

 Eg lika best å fortelja om hendelser eg kjenne godt til. Og famile er det som er nærmast mange ganger. Eg prøve å ikkje la mine familiemedlemmer bli såra og lei seg av mine betraktninger. Men det ligg bare gode intensjoner bak det å fortelja litt om vår mamma. Nå har eg vore ein tur til Ølen Me  feira mamma sin 88 årsdag. Eg og søster mi reiste uten menner. Og de andre søskenå   kom til forskjellige tider. Me prøve å laga dette koronarektig. Vett ikkje om Høie ville godkjent det, men me gjorde vårt besta.


 Mor vår har  runda den anselige alder av 88 år. Hu har alltid vore ei staselig dama. Opptatt av klær og hår, og masse omtanke for andre, og et lynende godt håve.  Og så er hu fødd i ei tid der det var viktig å ta rette valg, ikkje å skjemma seg ut. Det var nåke eg opponerte sterkt mot i ungdomstida. Eg ville at alle skulle følga egne valg, og ikkje bli diktert. Eg meinte det var hyklerisk.  Har nok moderert meg der. Hu har vore superlimet i vår familie. Alltid klar med de flottaste middagsbord. Og når me ikkje såg det, satte hu gryter og større ting som skulle vaskas opp og ikkje gjekk i oppvaskmaskinen, i kjellaren. For det skulle hu ta seinare. Når me hadde småunger og var på besøk, så var hu tidlig inne og henta dei, sånn at me kunne sova lenger. At hu sjøl var 20 år eldre og gjekk i full jobb på handelslaget kom i andre rekke.


Var det nåke me lurte på så ringte me til mamma. Alle sammen. Bror min kalte henne sentralen, fordi det var hu som måtte ta telefonen og løysa våre små og store problem.


Ein gang når Signe var nyfødt, eg kjente meg psykisk på bånn,  så ringte eg for litt medfølelse. Mamma høyrte at gråten ikkje var langt unna når me snakka i telefonen. .. nåken timar seinare kom hu og pappa inn dørene våre. Slapp av og legg deg på sofaen sa hu, me har med mat og alt som trengs.. Så de forstår at dette er ei Mamma med stor M. Og det hendte det kom pakke i posten med fine klær eller ein annen overraskelse. Me hadde samme størrelse den gangen. Og hu spurte på butikken ka som var på mote. Nå er det bare hu som har beholdt figuren. Hu kjente på seg når eg hadde behov for oppmuntring. Og når skoleferien  var lengre enn vår ferie så var det bare å senda ungane med hurtigbåten til Sandeid og pappa henta dei og kjørte til Ølen. Sjøl om hu var på arbeid, så var far vår pensjonist. Han var 11 år eldre. Eg kunne fortsatt og fortsatt med å fortelja om vår mamma. Fasiten blir at me fem ungar er veldig glad for begge våre foreldre, kunne aldri hatt noen bedre.


Som tidå går blir det forandringer hos mange av oss. Det gjelde mi mamma og. Siden mars har hu fått to brudd i lårhalsen, og vært innom rehab begge desse gangene. Hu skjønne nok at det var nødvendig, men det var jo bare gamle folk der, sa hu. Hu gleda seg til hu kunne flytta heim igjen. Og bror min og svigerinnå mi bur rett over veien. Dei har gjort det mulig. Dei andre brødrene mine stille og opp, og det er alltid fullt i veakorgå til mamma. At hu er gammel oppfatta hu ikkje, og hu kalla meg, som snart er 68 år, for ungdom....


Demensen er kommen til gards. Det betyr ikkje at alt det gamle er borte. Men husken er blitt dårlig. Dette er hu godt klar over sjøl. Det er vondt å  oppleva at ein ikkje har kontroll på alt lenger. Men me ser jo at hu er med likevel. Demens opptrer på mange måter, og vår mamma er i  starten. Farten videre er det ingen som kjenner. Og det går opp for oss nå, at hu stort sett alltid fekk det som hu ville før i tidå... Når me nå kjem med gode forslag så nikka hu med, og seie tilslutt: eg tenke me gjere det sånn... Altså på hennas måte. 


Og så meine eg at det må snakkas meir om demens. Nå blir det av noen oppfatta som ei skam. Det er faktisk ikkje nåke me har mulighet til å påvirke sjøl. Forskning klare ikkje å finne den rektige medisinen til å kurere altzheimer/demens. Det vil komma til å ramma veldig mange av oss.


 Me har fått mange gode låttar og, og heldigvis kan hu le med når det er for gale. Det er ikkje alltid drøm og virkelighet passa overens. Det er skitt å bli gammel, sa far min alltid. Han blei 96 år. Og eg ser jo at om me bur i et flott land, er ikkje det det samme som at alderdom er like god for alle. Å bu heime lengst mulig vil dei fleste. Sjøl om det kan komme heimehjelp og vaska golvene i oppholdsrom et par ganger i måneden og heimesjukepleien med piller og kommunen med middag, så oppleves ensomhet for de fleste som er åleine. Familie gjer så godt som mulig, men ikkje alle har familie, og alle har det travelt.


Me blir eldre og eldre. Det er kanskje på tide å sjå på løysningar som tjene eldre  best. Gruppa eldre er jo like forskjellig som gruppa yngre. Det finnes spreke 100 åringar, og dårlig fungerande 65 åringar. 


Ein gong stod myndighetene på for barnehageplass for alle. Det fekk de til. Kanskje neste store mål kan være: ein verdig, hyggelig alderdom for alle? Alle me som lever lenge kjeme i den situasjonen, politikerene også. Men ka som  skal til, det vett eg ikkje. Kanskje et tun med fellesområder og ein ansatt aktivitør/sjåfør/gledesspreder. Sentralt plassert, med den nyaste forenkla teknologi som alle klare å bruka. Allerede nå kan legetimen foregå på nett, banken styre alt via nettet, NAV vil ikkje svara på telefonen, alt må på nett... Alt dette må være til ei husleie som er mulig for alle. Mulighetene er mange. Eg ser for meg ein kveld med trekkspel, ein kveld med rock... og så kan Bygdekvinnelaget komma med lefser og annen mat som ingen kan laga lenger...Det er bare fantasien som kan stoppa mulighetene. Ensomhet er farlig for folkehelsa, så det må tas grep.


Me nærme oss jul. Det er ei god tid for de fleste. La oss tenke litt på dei som ikkje klare alt sjøl lenger. Eg håpe Koronaen tar litt juleferie så ikkje nåken av familien blir utenfor.

torsdag 29. oktober 2020

Koronaåret

 Dette Koronaåret har forandra litt for mange. Mange er blitt permitterte eller har mista jobbane sine. Nåken har mista livsverket sitt. Det er dei som har møtt de største prøvelsene, sammen med dei som er blitt sjuke.


 Me som bur på landsbygda har vel hatt det enklare enn byassane, men me prøve å halda meteren og å sprita hendene, og ellers følga råd så godt det lar seg gjera. Og så kan me bli øvegidde over dei som må til Sverige eller Syden, fordi de alltid har gjort det. Men det er jysla mange som har fått pussa opp i heimen, fordi sommerferien blei ikkje så travel i år.


Eg har fått med meg at trenden dette året er friluftsliv. Spesielt toppturer og andre fysiske utfoldelser. Facebook og snapchat fløyme over med bilder av lykkelige, smilande familier som har nådd målet. Bildene vise ikkje kor mange overtalelser og bestikkelser som måtte til for å få ungane med den siste kilometeren. Men eg blir jo imponert over alle spreke kjenningane. Eg kan ikkje skylda på dårlige gener heller. Alle mine 4 søsken smile frå toppar og glitre med de flottaste turklær. Eg kan oppleva å våkna av ein snap frå Roafjellet ein søndagsmorgen. De er ofte tidlig ute for å få mest mulig ut av dagen, på tider eg ikkje har tenkt på å stå opp. Så eg er et heller dårlig forbilde som storesøster. Eg trur ikkje eg har den roen som kreves for å ha ein hobby.


Og så er det store deler av befolkningen som har  feriert i bobil. Og då vise det seg at det ikkje er dei fryktelige utlendingane som forurense eller campe i tunet til bøndene i utkantnorge. For dei kom ikkje dette året. Så det er nok nåken av våre egne som ikkje har heilt reint mjøl i posen. Men ferie i bobil det kan eg, etter 35 år på hjul. Så ei og anna stavkyrkje har eg besøkt. Litt kultur har snubla inn i livet mitt. Det er et liv eg godt kan lika. Då går me rundt å snuse på ka omgivelsane kan tilby, og prøve lokale matretter. Eg har sansen for det.


Ein del lure på om me kanskje bør stoppa litt opp, gå tilbake til den tida det ikkje var penger til å kjøpa alt, eller at alt kunne ikkje kjøpast for penger. Utvikling er vanskelig å stoppa, men mange har sans for gjenbruk og er også blitt meir oppmerksomme på tiltak for å unngå matsvinn. Derfor kan eg styrta bort til boksen med nedsatte varer på Extra. Det er jo miljøvernande å kjøpa varer som går ut på dato, og kan ikkje oppfattast som at eg er grisk...eg lika sånne kupp. Det blir interessant å følga med på desse trendene. Me får setja vår lit til ungdommen. Eg sjøl slite med å forandra gamle vanar, men eg har ikkje lenger behov for nye ting heila tidå, så forbruket er naturlig redusert.


Eg har vore ganske impulsiv i mitt yngre liv når det gjelde å hiva seg på nye idear.  Kvar gong eg fekk det for meg at eg må finna meg ein hobby, så hoppa eg på det første og besta tilbudet. Eg har gått på kurs i rosemaling, applikasjon, dokkelaging, glassmaling, yoga og sikkert et par til. Likheten med alt dette, er at eg kjøpe inn utstyr, og starta i goe tru på at dette er det eg skal holda på med nå. Men det dabba fort av. Men optimisten i meg er trufast. Så det er slett ikkje sikkert eg ikkje fortsatt lar meg frista. Men må tilstå at sofaen stjele ein god del av tiå mi nå for tidå. 


Det der med å ta vare på helsa tenke eg på.   Og eg lese om andre på min alder som tar ut helsegevinst med kun ein halve time mosjon  pr dag. Og det burde væra oppnåelig. Men sjøl om eg er inneforstått med at mosjon er viktig, og at for mange kilo ikkje er bra, så er det jammen ikkje enkelt å gjera nåke med det. Det er dei der nissane som sete på skuldrene mine og seie at eg fortjene å slappa av, og at i morgen er ei fine tid...at me leve bare denne gangen... men de minne meg ikkje på at me leve og døyr  bedre, med goe helsa.


Eg går tur med nåken som er på samme nivå som meg sjøl. Me kalle oss sniglane. Kanskje litt på spissen, for me holder varmen og motet oppe.  Me når ikkje de store toppane, for pulsen går opp, og hjerta slår ekstra for de minste stigningene, men me trøste oss med at me får frisk luft og sosialt samvær. Og kaffepausen  etterpå er vel så viktig for oss.  Og så kan me diskutera de forskjellige vondtane som dukka opp, og få middagsforslag eller ei goe kakeoppskrift. Det trenge ikkje alltid væra så høgttravande for vår del.


Men eg er jo bittelitt misunnelig på viljestyrken til mine medmenneske. Eg starta kanskje friskt, med planar om å gå ein tur kvar dag. Men så kjeme det ein regnværsdag.... Ernst går sin morgentur før eg er stått opp. Men det er enkelt å finna situasjonar der me ikkje strekke til. Janteloven kan lett overstyre min sjølfølelse. Det kan væra lurt å sjå seg om i eget liv etter ka som ser ut til å fungera bra.


Eg må leita etter mine gode sider. For de finnest jo baki der. Ein kveld satte inn ei svinesteik på langtidssteiking. Så då blir det goe middag midt i vekå. Det er vel ganske snillt? Men eg tenkte jo ikkje bare på Ernst, litt på meg og. Og me ete jo ikkje opp alt det, så då er det lapskaus ein annen dag. Så eg er jo litt goe då..Eg trur eg kan sei at eg har omsorg for dei svakaste. Og så prøve eg å væra et medmenneske, det er også viktig. Men det der med burde, burde... eg kunne vore veldig mye bedre.  Men skitt au, eg får leva mens eg gjer det.


Søren Kierkegaard har sagt at livet kan bare forståes baklengs, men det må leves forlengs.


mandag 28. september 2020

Kos har du det? Verkelig???

 Me har mange roller, de fleste av oss. Og me svitsje frå den eine til den andre uten å merka det sjøl. Men eg var ein person på jobb, andre kvaliteter heime, og annleis med barnebarn eller venner... Selvfølgelig ikkje store endringer, men nyanser.

Eg vett ikkje kaffor det er blitt sånn. Me er oppdradde til å visa fram søndagssidå, iallefall me som har levd noen år. Og det er sikkert rett. For dersom heile følelsesregisteret skulle ta overhånd i kvardagen, ville det blitt vanskelig.

Ei venninne av meg seier ofte at alle har ein stein på trappå. Eg meine det hette «har ein stein i skoen». Uansett, så betyr det at me har nåke som verke, og som kan væra vanskelig å snakka om og vanskelig å leva med. Eg googla litt om denne steinen, og der kunne eg funne mange innlegg. Eg valgte et lite utvalg av kaffor me ikkje gjer nåke med det:

  • Det er for ubehagelig å ta tak i det.
  • Dagene bare går, har ikke tid.
  • Det koster for mye, vi har ikke råd.
  • Eller, vi vet ikke hvordan vi skal ta grep som kan hjelpe oss.

Men treffe me ein kjenning i dørene på Extra ein dag me slite med vansker, så seie me hei, takk bare bra, og passere med oppovermunn. Men det skulle tatt seg ut å svart at livet er fælt og problemene aukar. Ein kan ta opp vanskelige tema med venner, men det må ikkje ta overhånd i vennskapets navn. For det er krevande å væra vennen som tar på seg, eller del i, andres problem. 

Og så er det dei som står opp og seie fine ting til seg sjøl i speilet... Det funka ikkje på meg, eg vett ka tid eg lyge... Men me må jo alle jobba med oss sjøl når me går lengre og lengre ned i myrå. Det har aldri nytta å gi opp. For nåken hjelpe det å gå tur i naturen. Det er fint å bare nyta landskapet og prøva å sortera ut tankane. Kanskje me skulle fått ny hobby? Lediggang er ikkje spesielt bra når tunge tankar overtar. Eg har og prøvd psykolog. Det kreves mye når ein ska åpna den innerste lukå i hjerta eller sinnet. Eg trur ikkje eg klare det. Og når psykologen, som var i alder småbarnsfar, og kanskje hadde hatt ei våkenatt, då gjespa. Vel, då ramla alle lukene ned hos meg. Eg var på vei til å få ut mine innerste tankar, og så var det så lite interessant... Det blei vel ikkje mi greia det.

Me får vel alle prøva å la steinen i skoen  gjera minst mulig skade. Det lar seg gjera. Og heilt sikkert er det at etter regn kommer sol!

Så fremdeles: hei, lenge siden... kos går det med deg? Jo takk, litt opp og ned...

onsdag 9. september 2020

Badekaret

 Eg har lenge drømt om badekar. Spesielt når musklene i kroppen skrik etter helbredelse. Me heiv ut karet for mange år siden, og eg har kanskje laga meg for mange fantasier om det.

Eg ønskte meg et bad i kjellaren. Har sett for meg sånn et magasinbad. Badekaret skulle ha form liggande båtis. Stå litt frekt utpå golvet. Høge lysestaker og lyslykter fint plassert i nærheten. Grøne planter... Blanke dusjvegger i ei gode og fine dusjsone og do med innlagt vannsprut. Drømmar er gratis. Og Ernst ville helst at det bare skulle væra drømmar. Han har estimert pris til meg, og dessverre ville me då brukt opp dei pengene me skal ha til sus og dus.... Eg hadde ei tru på at han kunne ordna det sjøl, nesten gratis. Men eg må bøya meg for dyre elektrikarar og rørleggarar.

Så då var det bare å fortsette i dusjkabinettet ei stund til. Me har husbankbad - sånn ca 2,7 x 3 meter. Men som den gode ektefellen Ernst er så søkte han løysning.

Svaret blei badekar og dusj i ett. Dette var innenfor vårt budsjett, og blei bestilt rett før Koronaen kom til landet. Og første utgave blei levert midt i juli. Delene passte ikkje. Neste levering i slutten av august. Delene passte ikkje. Men med litt hjelp fra leverandør, litt saging og skjæring så blei installasjonen ferdig montert i går.

Så nå har me badekar med rom rundt. Nye hyller og skap der det er mulig. Me skal ikkje ha utstillingslokale, så eg var kjempefornøyd.

Tiden var inne til å skrida oppi. Eg hadde reint gløymt at eg var 67 år, og ein del stiv i leddå. Det var et hekkan å komma seg oppi. Og når eg vel var plassert kom eg på at eg måtte reisa meg opp igjen for å skrua av vatnet. Kranen blei betjent på dusjveggen.

Eg skrudde av før eg egentlig hadde ønska vannmengde. Det var jo gruelig bra, for eg hadde heilt gløymt Arkimedes lov. Når eg til slutt klarte å setta meg nedi igjen steig vatnet den «unnatrengde væskemengde« Heldigvis er karet djupt sjøl om det er kort. Det var ein nytelse å meditere i badekaret. Hadde hatt av det nya badesaltet som dessverre lukta blått Plastikksnop... og så var det kampen for å komma seg opp igjen. Det er ingenting å halda seg i, for dusjveggen er oppå karet. 

Eg ønske ein tau frå taket. Kunne jo pynta med ei lyslenke...

Men framtidå vil visa om dette er lurt, eller om me har sløst vekk  på drømmen min.